Historia
Ideén til å lage ein festival av det heile dukka opp ein flott sommardag i 2009, då kompisane Stian Bøe, Pål Henning Jørgensen, Kristoffer Vik Nygård og Emil
Solheim for første gong pumpa opp båtane våre og kasta oss på elva ved Sætre, og med diverse forfriskingar lot vi oss flyte med elva dei knappe 5 km ned til
Stryn.

Det vart ei oppleving vi seint vil gløyme, og vi fann raskt ut at dette var noko vi  ønskte å dele med andre, og la alle få oppleve det vakraste av natur Noreg har å
by på i frå ein, ja gummibåt!

Fire kreative unge herrer frå Stryn sette raskt i gong med planlegginga, og responsen var over all forventing, noko som motiverte oss endå meir.
Resultatet vart dermed tidenes første ”Stryn Gummibåtfestival”(SGBF) arrangert sommaren 2010 med i overkant av 50 deltakarar. Det heile vart ein
STOR suksess med grilling, sol, mykje godt humør og mange uforglemmelege opplevingar!

No tek vi sikte på å gjere ”SGBF” til ein tradisjon på seinsommaren i Stryn, og håpar så mange som mogeleg vil delta på årets ”SGBF”. Vi er sikre på at dette vil verte ei oppleving alle og ein kvar seint vil gløyme.